Grøne briller – ein økologisk workshop

Det fleirfaglege undervisningsopplegget «Grøne briller – ein økologisk workshop» har som mål å auke kunnskap og medvit om berekraftig og lokalt landbruk, hos elevar på restaurant- og matfag. Den pedagogiske undervisningsmetoden med elev til elev-læring kan overførast til andre tema og fag.

Elevane på Restaurant- og matfag fekk god opplæring av elevane på Jord- og hagebruksskulen. Foto: Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Sjå filmen om prosjektet Grøne briller – ein økologisk workshop

Kva erfaringar gjorde elev og lærar seg gjennom prosjektet?

Bakgrunn for prosjektet

I 2014 hadde 4H Sogn og Fjordane og Øyrane vidaregåande skule eit samarbeid i forbindelse med Matamål Matfestival, som er den største matfestivalen i fylket. I samarbeid med ein lærar og ein prosjektleiar frå 4H, heldt to elevar frå restaurant- og matfag matlagingskurs for ei gruppe born dagen før matfestivalen. På sjølve festivaldagen var borna kokkar og servitørar på ein eigen del av Matamål som vart kalla Barnas Matfestival.

Erfaringane frå matlagingskurset og frå Matamål var gode. I samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule og Sogndal vidaregåande skule, og med støtte frå Den naturlige skolesekken, vidareutvikla 4H Sogn og Fjordane prosjektet til  eit større pedagogisk opplegg for elevane på restaurant- og matfag. Ein ynskte at dei skulle få kunnskap og medvit  om korleis dei i sitt framtidige kokkeyrke kunne nytte berekraftige og økologiske ressursar frå det lokale landbruket.

Elev til elev-læring

Elevane som starta på Vg1 restaurant- og matfag på Sogndal vidaregåande skule hausten 2015, hadde ikkje sete  lenge på skulebenken før dei vart ein del av «Grøne briller». Allereie i september var heile klassen på besøk i åkeren på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Der fekk dei god opplæring av Vg3-elevane som etter to år ved skulen hadde mykje kunnskap å dele.

Vg1-elevane fekk grave i jorda, vere med i fjøsen, og smake og lukte på ei rekke nye planter og grønsaker. I tillegg til ei grundig gjennomgang av produksjon og hausting av grønsaker, fekk elevane kjennskap til etande blomar og urter og korleis ein kunne nytte alle desse ressursane inne på kjøkenet. I vekene som følgde arbeida klassen ivrig med å utarbeide ein meny basert på dei lokale økologiske råvarene dei vart kjende med i åkeren.

Frå elev- til lærarrolla

Dagen før «Barnas bistro» skulle opne på Matamål heldt VG1-elevane matlagingskurs for born i alderen 10- til 14 år. Elevane fekk prøve seg i rolla som lærarar og kjøkensjefar. Saman med borna prøvde dei ut alle rettane som skulle stå på menyen den følgjande dagen, og dei førebudde rettane som skulle  seljast på Matamål.

Inspirasjon frå lokale gründerar

Som ein del av prosjektet inngjekk òg eit besøk til Gloppen Hotell. Der fekk både elevane og borna lære om korleis dei på hotellet i all hovudsak nytta økologisk og kortreist mat. Dei fekk innblikk i livet på eit storkjøken og kunnskapar om drift av ein serveringsstad. Dette var nyttig lærdom dei kunne ta med seg til dei sjølve skulle opne «Barnas bistro».

Restaurantdrift på Matamål

Midt i sentrum av Sandane, siste helga i september, føregjekk «elddåpen» for elevane. Berre seks veker etter at dei vart elevar på vidaregåande skule dreiv dei no, i samarbeid med borna, sin eigen restaurant. Elevane og borna stod sjølve for matlaging, servering, sal og marknadsføring. Dei dreiv med andre ord ei fungerande bedrift på eiga hand. Sjå filmen for å høyre meir om elevane sine erfaringar med undervisningsopplegget.

Dagsaktuelle tema

Dette prosjektet dekkjer to av dei tre hovudområda som vert løfta fram i den nye stortingsmeldinga «Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet» Meld. St. 28 (2015-2016)  – berekraftig utvikling, og folkehelse og livsmestring. Desse tema skal bli prioriterte,  saman med demokrati og medborgerskap, i det nye læreplanverket.

Opplæringa i berekraftig utvikling skal vera i tråd med formålsparagrafen i opplæringslova og sjå til at elevane lærar å tenke kritisk og handle etisk og miljømedvite. Det blir trekt fram at dette handlar om tre dimensjonar; økonomiske, sosiale og miljømessige forhold. «Grøne briller» omhandlar alle desse tre. Elevane får kunnskapar om det økonomiske rundt lokalt og berekraftig landbruk gjennom bedriftsbesøket og eiga drift. Dei lærar om det sosiale ved å møte dei framtidige bøndene som vert sysselsett i det lokale landbruket. Ved å få delta i hausting og foredling av grønsaker får dei også kunnskapar om dei miljømessige forholda i ein økologisk produksjon.

I formålsparagrafen i opplæringslova står det at elevane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og haldningar for å kunne mestre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. At elevane i «Grøne briller» må samarbeida med kvarandre og med yngre born kan vera viktig i eit sosialt perspektiv. Det blir i stortingsmeldinga peika på at sosialt fellesskap og støtte er viktig for den enkelte si trivsel, livsglede, mestring og kjensle av eigenverd. Det står vidare at livskvalitet og trivsel gjennom deltaking i eit faglig og sosialt fellesskap gir tilhøyrsle og reduserer risikoen for psykiske og sosiale problem.

Overføringsverdi/ læringsverdi

Opplegget har overføringsverdi til prosjekt der elevar med faget mat og helse på mellomtrinnet er målgruppa for Vg1 elevar. I samarbeid mellom grunnskule og vidaregåande skule kan prosjekt om berekraftig matproduksjon, mat frå naturen og frå matvare til måltid verta planlagt, gjennomført og vurdert i ljos av læringsmål og vurderingskriterier for begge elevgruppene.