Storfint besøk frå Tyskland

Det var høgtidleg stemning då Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet i går tok imot ministerpresidenten av Nordrhein-Westfalen, Hannelore Kraft. Ho og delegasjonen hennar var i Bergen for å høyre om senteret sitt arbeid og for å lære meir om korleis ein på ein god måte kan implementere uteskule i skulen si pedagogiske virksomhet.

Foto: Marianne Mathiesen, HiB

Ministerpresident Hannelore Kraft er oppteken av å utforme politikk for førebygging og tidleg intervensjon. Hovedfokuset hennar er Leave no child behind – at alle barn skal få optimale moglegheiter gjennom heile oppveksten. Ho legg også vekt på korleis dette vil være samfunnsøkonomisk smart på lengre sikt. Ministerpresidenten hadde fått høyre om senteret og var interessert i få vite meir om vårt arbeid. Ho ynskja òg å få besøke ein skule i Bergen som arbeidar i tråd med senteret sine målsettingar. Senteret tilråda ho difor eit besøk til Apeltun skole.

Apeltun skole er ein føregangsskule med omsyn til deira arbeid med inkludering, skulemåltid og fysisk aktivitet og uteskule. I 2007 mottok skulen Dronning Sonja sin skulepris for sitt arbeid med å praktisere likeverd og inkludering på ein fullverdig måte.

Ministerpresidenten og hennar følgje på 25 personar frå tyske myndigheiter, -ambassade og -presse, kom til skulen i strålande vèr og fikk først ein presentasjon om skulen sitt arbeid av ein engasjert rektor, Anita Hinna. Gjennom skulen si satsing på daglege skulemåltid, uteskule, mykje fysisk aktivitet og inkludering sikrar dei god læring hos elevane. Rektor Anita Hinna trur også at elevane lærer betre når dei trivst og blir sett.

 

 

Etter rektor sin gjennomgang av skulen sine satsingsområder, gjekk turen vidare til Smøråsfjellet. Der fekk følgje vera vitne til korleis skulen gjennomfører uteskule i praksis og dei fekk sjå at uteskuledagen har eit like viktig fagleg innhald med læringsmål som dei andre vekedagane. Kvart trinn har utarbeida eigen plan for uteskuledagane som er knytt til deira årsplan. Denne viser kompetansemål, arbeidsmåtar, fagleg innhald og dei ulike faga som er knytt til innhaldet i den undervisningsdagen eller til ein heil undervisningsperiode.

Ministerpresidenten fekk sjå elevane på 1-4 trinn praktisere uteskule med fokus på både matematikk, naturfag, samfunnsfag og fysisk aktivitet. Elevane gjorde alt frå å brette papirbåtar og teste om dei flyt i vatnet, måle lengder i naturen, til å ta tida og berekne gjennomsnittsfart på Zipline. Elevar frå 7. klasse var med som aktivitetetsleiarar på nokre av dei 15 postane for å rettleia elevane på småtrinnet. Ministerpresidenten tok seg tid til å prate med fleire av elevane og viste stor interesse for aktivitetane.

NRK Hordaland var tilstades og filma for Vestlandsrevyen, resultatet ser du her

 

 

Besøket vart avslutta på Høgskulen i Bergen med eit dialogmøte med oss på Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Dei tilreisande fekk eit innblikk i senteret sitt arbeid og satsingsområder gjennom ein presentasjon av senterleier Gudbjørg Øen. Dei fekk òg høyre om ASK-studien (Active Smarter Kids) som evaluerer effekten av fysisk aktiv læring. Ministerpresidenten fortalte om kva som skal til for å bli ein fysisk aktiv barnehage i Tyskland og ho kunne fortelje at det også i Tyskland var debattar om kva form for fysisk aktivitet som gav best effekt. Ho avslutta møtet med å sei at ho gleda seg til vidare dialog med senteret om våre felles interesseområder.

 

Om besøket i Bergens Tidende

Om besøket på Høgskolen i Bergen